Viktig informasjon om koronaviruset

Helsestasjon tilbod

Helsestasjonen har lågterskeltilbod for alle foreldre (føresette) med barn i aldersgruppa 0-5 år.  Det vert kalla inn til faste kontrollar. Det er også mogeleg å ringe ved behov utanom kontrollane.

Alle barn blir jamnleg innkalla til konsultasjonar på helsestasjonen.

Tema for konsultasjon og samtalar:

  • helseundersøking
  • vaksinasjon
  • søvn
  • amming og ernæring
  • tannhelse
  • språkutvikling
  • motorisk utvikling
  • psykososial utvikling
  • vald
  • foreldre-barn samspel
  • samliv
  • støtte og rettleiing med tanke på barnet si psykiske helse.

Samtalane går føre seg individuelt eller i gruppe. I tillegg til det fastsette helsestasjonsprogrammet tilbyr me ekstra besøk for råd og rettleiing frå helsesjukepleiar eller lege.

Me har barseltreff med tema når smittevernsomsyn tillet det.

Kronologisk oversikt over konsultasjonar 0 - 5 år:

Faste konsultasjonar på helsestasjon 0-5 år
Alder Helsesjukepleiar Lege
Nyfødd Heimebesøk
4 veker I trygge hender, ruskartlegging. Vekt,
6 veker Vekt, lengde, hovudomkrets. Vaksine Helseundersøking
3 mnd Vekt, lengde, hovudomkrets. Helseundersøking, Vaksiner.
4 mnd Vekt, lengde, hovudomkrets. Helseundersøking
5 mnd Vekt, lengde, hovudomkrets. Helseundersøking, Vaksiner.
6 mnd Vekt, lengde, hovudomkrets. Helseundersøking Helseundersøking
8 mnd Vekt, lengde, hovudomkrets. Helseundersøking
10 mnd Vekt, lengde, hovudomkrets. Helseundersøking
12 mnd Vekt, lengde, hovudomkrets. Helseundersøking. Vaksiner Helseundersøking
15 mnd Vekt, lengde. Helseundersøking. Vaksine.
18 mnd Vekt, lengde. Helseundersøking
2 år Vekt, lengde. Helseundersøking. Får innkalling pr post. Helseundersøking
4 år Vekt, lengde. Helseundersøking. Får innkalling pr post.

 

Me har barselgrupper når situasjonen tillet det. Har då med oss ulike samarbeidspartar som jordmor, barnefysioterapeut, tannpleiar og bibliotek på dei planlagte samlingane.


God informasjon hjå ammehjelpen

Opningstider - Helsestasjon
Dag Opningstider
Mandag - Fredag 08:00 - 15:00

 

Har du spørsmål?

Helsestasjonen fellesnummer
Telefon 57 66 50 20
Til toppen