Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er kommunen sin måte å styra utviklinga i eit bestemt område på. Det er ein politisk vedteken plan som er sett saman av eit kart med tilhøyrande føresegner. Den regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader for bestemte område i kommunen. 

Det er to typar reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering 

Områderegulering blir brukt der det er behov for ei avklaring av utviklinga i eit større område innan kommunen. Detaljregulering vert brukt på mindre område eller einskilde tomter der det er behov for meir spesifikke føringar om kva som skal byggjast. Kommunen, private aktørar, utbyggararar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremje framlegg til detaljregulering. Det er fagkyndige som utarbeider planforslaget. Les meir om prosessen for å fremje ein reguleringsplan her.

Påverknad

Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplan er å få innspel frå dei som er påverka av arbeidet. Det er mogleg å kome med innspel i to rundar i planarbeidet: ved oppstart og etter at forslaget er utarbeida. 

Les meir i rettleiarane og lovene under:

Plan og bygningslova
Reguleringsplanrettleiar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune (2011)
Reguleringsplanrettleiar frå KMD (2018)

Du kan sjå alle gjeldande reguleringsplanar på kommunekart:  Kommunekart finn du her

Zoom inn på Årdal eller skriv inn adresse, trykk på "Kartlag" i øvre venstre hjørnet, merk av "reguleringsplanar" i menyen som kjem opp på høgre side. Marker i kartet, og vel «Planarkiv» som vist i bilete under: