Reguleringsplan - prosess

1. Sende inn planinitiativ 

Ein forslagsstillar sender inn eit planinitiativ, som er utarbeida ved hjelp av en fagkyndig plankonsulent, og bestiller oppstartsmøte. Eventuelt kan det bestillast eit veiledningsmøte, for å avklara rammene og forutsetningane for planarbeidet før oppstartsmøtet. 

2. Vurdere planinitiativ 

Kommunen vurderar om planinitiativet kan anbefalast eller stoppast. Kommunen kan anbefale at forslagstillar skal ha et veiledningsmøte før oppstartsmøte. 
Planinitiativ som vert stoppa kan krevast førelagt politisk handsaming. 

3. Oppstartsmøte

I oppstartsmøtet skal alle tema som er naudsynte for å klargjera forutsetningar for det vidare planarbeidet og utforminga av det endelige planforslaget, handsamast. I oppstartsmøtet blir det beslutta om forslagsstillar kan starta opp planarbeidet. 

4. Kunngjere og varsle oppstart

Forslagsstillar varslar om oppstart av planarbeidet i avis og i brev til naboer og berørte offentlige og private instansar. Alle kan komme med merknader og synspunkt om føremål og innhold av betydning for planarbeidet. 

5. Utarbeiding av planforslag og arbeidsmøter

Forslagsstiller utarbeider eit planforslag. Det anbefalast at kommunen vert inkudert i denne prosessen ved bruk av arbeidsmøter. 

6. Levere planforslag 

Når forslaget til reguleringsplan med tilhørende materiell er ferdig utarbeida, sendast det til kommunen for handsaming. Dei innkomne merknadene følgjer også planforslaget. Forslagsstiller vil i merknadsskjema gjere rede for korleis dei innkomne merknadene og uttalelsane er vurdert og fulgt opp i forslaget. 

7. Administrativ handsaming

Kommunen vurderar innhaldet i planforslaget og tek stilling til om planforslaget kan anbefales, og vedtek normalt utleggelse til offentleg ettersyn. 

8. Høring og offentleg ettersyn 

Planforslaget sendes på høyring og blir lagt ut til offentlig ettersyn. 

9. Bearbeiding av planforslag og merknadsmøte

Forslagsstillar utarbeider merknadsskjema med merknadskart der dei gjer rede for korleis mottekne merknader er vurdert og skal følges opp i forslaget. Det bør avholdast eit merknadsmøte der kommunen og forslagsstiller vurderar dei innkomne merknadene, og om det bør gjerast endringar i reguleringsplanforslaget. 

10. Administrativ handsaming

Endringar innarbeidast og forslag til reguleringsplan med tilhøyrende materiell, sendast til kommunen for handsaming. Kommunen vurderar og tek endeleg stilling til det reviderte planforslaget. 

11. Politisk handsaming og vedtak

Formannskap og kommunestyre gjer politisk vedtak i saka. Reguleringsplanen kan også vedtakast med endringar i kart og føresegner. 

12. Kunngjering av vedtak

Kommunen kunngjer vedtaket på nettsider, i avis og i brev til dei berørte partene. Dersom det er gjort politisk vedtak om endringar i planen, må forslagsstillar revidere planmaterialet etter avtale med sakshandsamar, før vedtaket vert kunngjort. 

13. Klagehandsaming

Berørte partar kan klage på vedtekne reguleringsplanar. Klagen skal sendast over til kommunen, som vurderar om det er nye momenter av betydning for vedtaket, og oversender klagen til Fylkesmannen for endeleg handsaming. 

Til toppen