Om Farnes skule

Bilete av Farnes skule - Klikk for stort bilete

Visjon

Me skal utvikla sjølvstendige, trygge ungar med danning og lærelyst.

Våre sentrale verdiar

Trivsel – respekt – tryggleik - meistring

Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 328 elevar. Me har skulefritidsordning der me organiserar eit tilbod til om lag 90 ungar.

Medrekna pedagogar, assistentar, skuleleiing- skuleadministrasjon er det om lag 75 personar som har arbeidet sitt ved skulen.

Me har undervisning i to skulebygg, eitt for 1. til 7. klasse og eitt for 8. til 10. klasse.

I 1995 vart høvesvis Farnes skule (1. til 6.) og Øvre Årdal Ungdomsskule (7. til 9.) omorganisert til ein kombinert skule med felles skuleleiing. I skulleleiinga sit rektor og undervisningsinspektør for 1. til 7. klasse og undervisningsinspektør for 8. til 10. klasse. I tillegg har me ein kontorstøtteressurs, rådgjevar, IKT koordinator og spesialpedagogisk koordinator.

Dysleksivenleg skule

Farnes skule vart sertifisert som dysleksivenleg skule i 2010. Dette syner att i lese- og skriveopplæringa for alle elevar ved skulen.

Mobbefri skule

Farnes skule er ein mobbefri skule. 

Tiltaksplan mot mobbing

Har du spørsmål?

Kurt Jevnaker
Rektor - Farnes skule
E-post
Telefon 95 36 60 03
Ann Kristin Fjeldstad
Konsulent Farnes skule
E-post
Telefon 45 87 93 59