Tiltaksplan mot krenkande ord og handlingar - mobbing

Mål: Alle skal inkluderast og har rett på eit godt psykososialt miljø

  • Reglar mot krenkjande ord og handlingar som mobbing, diskriminering, vald og rasisme.
  • Ingen skal bruke krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme mot andre elevar
  • Me har plikt til å jobbe med førbyggande tiltak mot mobbing
  • Alle som jobbar på skulen har plikt til å gripe inn dersom mobbing, diskriminering vald eller rasisme blir avdekka
  • Alle som jobbar på skulen har varslingsplikt til rektor, dersom det er mistanke om mobbing, diskriminering, vald og rassime.
  • Me skal laga ein aktivitetsplan i tilfelle det blir avdekke mobbing, diskriminering, vald eller rasisme.

 

Definisjon av krenkande åtferd, ord og handlingar.

Krenkande ord og handlingar som til dømes mobbing: Negativ eller ondsinna åtferd frå ein eller fleire personar retta mot person eller personar som har vanskar med å forsvara seg og som ofte vert gjenteke over tid.

Døme: Plaging, språkleg trakassering om utsjånad, misdanningar eller funksjonshemmingar eller anna ondsinna åtferd. Det er viktig å understreka at krenkande ord og handlingar kan vera enkelstståande ytringar/hendingar som ikkje har eit element av gjentaking.

 

Viktige omgrep knytt til mobbing i skulen

 

Tiltak mot mobbing

 

Revidert september 2020