Influensavaksine - vaksinasjonsdatoar for 2026

Helsestasjonen i Årdal har delegert ansvar for all vaksinering i kommunen, både barnevaksinasjonsprogrammet, reisevaksiner, influensavaksiner og Meningokokkvaksine for ungdom.

Les meir om influensavaksinar og risiogruppar her på heimesida vår eller vaksiner på fhi.no.

Kvar haust er det tid for influensavaksine. Er du over 65 år eller i ei risikogruppe kan du lesa om her.

Me annonserar tidspunkt for vaksinering kvart år på eldresentera, biblioteket, heimesida og på Facebook sida vår. Då informerar me om oppmøte og pris.

Vaksinasjonsdatoar i 2026, veke 47:

Dag og datoKlokkeslett
Måndag, 16. novemberkl. 09:00 til 15:00
Tysdag, 17. novemberkl. 09:00 til 18:00
Onsdag, 18. novemberkl. 09:00 til 18:00
Torsdag, 19. novemberkl. 09:00 til 15:00
Fredag, 20. novemberkl. 09:00 til 12:00
Onsdag, 25. novemberkl. 09:00 til 15:00
Onsdag, 9. desemberkl. 09:00 til 12:00


Me har andre oppgåver på venterom og helsestasjon utanom desse tidene, me ber dykk difor respektere oppsette tider.

Prisar – kan betale med kort eller kontantar (prisane for vaksinar vert klar nærare vaksinasjonsdatoane.)

Influensavaksine         kr. 200,-  (tilsette i Årdal kommune får vaksina gratis på helsestasjonen)
Covidvaksine               kr. 100,-
Pneumokokkvaksine
 kr. 950,- berre dei over 65 år og i risikogruppe
Pneumokokkvaksine  kr. 100,- for dei som er fødde i 1960 0g 1961
Pneumokokkvaksina bør takast kvart 6 år

  • Du kan ta alle tre vaksiner på ein gong
  • For å ta vaksine må du vere frisk, dvs ikkje feber eller nyoppstått forkjøling eller anna sjukdom
  • Vaksinasjon er frivillig, men alle over 65 år som ikkje har tatt vaksinene vil etter 27.november vil få ei påminning om å vaksinere seg

Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen tlf 57 66 50 20