Sal og oppbevaring av fyrverkeri

Den som vil drive handel med pyroteknisk vare klasse ll og lll må ha løyve og drive handelsverksemd med fast utsalsstad.

Verksemda må peike ut ein særskilt person som er ansvarlig for salet av fyrverkeri. Personen må inneha kompetansebevis utstedt av Norsk brannvernforening, og du kan finna kursa som trengst her. Særskilt utpeika person skal overvåke salet og sjå til at dette føregår på ein trygg og forskriftsmessig måte. Dette inneberer at vedkomande til ei kvar tid må vere tilstades ved salsstaden.

Salspersonell skal vere minst 18 år og skal ha fått nødvendig opplæring. E-læringskurs utarbeidet av Norsk brannvernforening kan nyttast i slik opplæring og det finn du her. 

Her på DSB sine nettsider kan du lese meir om kjøp, salg, bruk og kontroll av fyrverkeri