Viktig informasjon om koronaviruset

Generelt om brannførebygging

Brannførebyggande arbeid ligg i namnet, førebygging av brann. Årdal kommune skal ha ei mannskap og kompetanse som gjer at krav som vert stilt ved gjennomføring av førebyggande og kontrollerande oppgåver vert halde.

Me utfører brannteknisk inspeksjon (tilsyn) av særskilde brannobjekt (industri og verksemder, skular, hotell, sjukeheimar og andre offentlege byggningar) samt:

  • sakshandsaming ved oppbevaring av brannfarlige og eksplosive varer
  • brannteknisk byggesakshandsaming
  • opplæring av brukaransvarlege/brannvernleiarar
  • brannvernopplæring vert gitt til skuleelevar, barnehagar, kommunalt tilsett helsepersonell. Me bidreg der me kan ved førspurnad.
  • kurs/informasjonsarbeid
  • feiing
  • beredskap

Årdal kommune er medlem i Skadeførebyggande forum der me arbeider tett med fleire med førebygging av ulykker som fører til personskade.

Risikoutsette grupper Klikk for stort bilete   

I følgje Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) tilhøyrer tre av fire personar som
døyr i brann ei såkalla risikoutsett gruppe. Av desse døyr ni av ti i eigen heim, og halvparten mottek tenester i heimen frå kommunen.

Prosjekt Livsviktig

Livsviktig er ein kampanje og ei nasjonal satsing frå Helsedirektoratet og DSB som skal bidra til å førebygge brann av risikoutsette grupper.

Klikk for stort bilete 
Kommunen sitt ansvar og oppgåver

Kommunen har gjennom fleire regelverk ei rekke oppgåver som skal trygge brannsikkerheten avrisikoutsette grupper

Til toppen