Feiing og tilsyn er eit lovbestemt sjølvkostområde, der gebyra skal dekke alle utgiftene kommunen har for å få denne tenesta utført.
Feiing og tilsyn i bygningar skal behovsprøvast. Det vil seie at frekvensen for feiing og tilsyn blir vurdert av brannførebyggaren etter å ha feia og hatt tilsyn på fyringsanlegget. Vurderingskriteriane for frekvensen, hyppigheita kan vere byggets og byggmiljøets karakter, kvaliteten på fyringsanlegget og fyringsmønsteret.
Tilsyn med sløkkeutstyr, varsling og rømmingsvegar er noko som brannførebyggaren også kan tilbyde når han er på tilsyn. Dette er ikkje lovbestemt, og vil derfor kunn vere ein informasjonsteneste for bygningseigar og eventuell leigetakar.
Etter «forskrift om brannførebygging §6» skal eigar ved gjennomføring av feiing og tilsyn sørge for tilfredsstillande tilkomst til heile fyringsanlegget, deriblant sikker tilkomst på tak. Viser i tillegg til «instruks for brannførebyggar om tilkomst til skorstein på tak» som er lagt ut på nettsida til kommunen.
Varsel om feiing og tilsyn vil bli gjort via tekstmelding, lappe på døra, eller at brannførebyggaren tek kontakt pr. telefon.
Huseigar pliktar og å melde frå om det er installert eldstad eller gjort endringar på fyringsanlegget,
Sjå vedlagt skjema som må fyllast ut og sendast til postmottak@ardal.kommune.no:
Melding og kontrollplan – eldstad skjema finn du her (PDF, 85 kB)
Fritak for feiing
I nokre høve kan ein søka om fritak for avgifta (feie- og tilsynsavgift). Ein av følgjande føresetnader må stettast for å få fritak:
Meir informasjon finn de i forskrift om brannførebyggande tiltak her.
Feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Årdal kommune vert utført av vår brannførebyggar Kåre Egil Skjerven (kontaktinfo nedst).
Pris for feiing