Brannsikkerheit, sløkkeutstyr og varsling

Dei fleste brannar utviklar seg svært raskt. Alle bebuarar må varslast om at det brenn så tidleg som mogleg. Det er viktig å sjå til at alle bueningar har fungerande røykvarslarar og manuelt sløkkeutstyr. Det bør og vera brannvarslingsanlegg i trapperom og kjellarområde.

Røykvarslar

Det er krav om at kvar bueining skal ha montert minst ein røykvarslar i kvar etasje. Alarmen skal høyrast tydeleg i oppholdsrom og på soverom.

Brannalarmanlegg

Bebuarar i bygningar med fleire bueiningar bør bli varsla om det brenn i korridorar, trapperom, kjellarområde eller hjå naboen. Difor er det fornuftig å installere brannalarmanlegg med røykdetektorar.

Sløkkeutstyr

Kvar bueining skal ha manuelt sløkkeutstyr som kan nyttast i alle rom i bustaden. Dette kan være ein godkjent husbrannslange eller handslokkeapparat. Det er viktig at husbrannslangen rekk til alle rom og at handslokkaren har minimum effektivitetsklasse 21A dersom det er eit 6kg apparat. I fellesareal må ein vurdera om det er naudsynt å plassera ut sløkkeutstyr. Det er krav om sløkkeutstyr i fyrrom.

Kontroll av sløkkeutstyr

Eigar har ansvar for at sløkkeutstyr er kontrollert og vedlikehalde. Bebuaren skal syta for jamleg vedlikehald og tilsyn med sløkkeutstyret. Pulverapparat skal til kontroll kvart 5. år og service kvart 10. år. Skumapparat skal ha service kvart 5. år.

Brannskille

Brannskille skal syta for at eit eventuelt branntilløp ikkje utviklar seg vidare i bygget. I burettslag er det styret som har ansvaret for å kontrollera brannskille. Bebuarane pliktar å melde til styret om dei oppdagar feil eller manglar ved brannsikringen.

Rømningsvegar

Rømningsvegane skal vera ryddige og fri for hindringar. Dører i rømningsvegen skal som hovudregel slå ut i rømningsretninga. Alle dører skal kunne opnast frå innsida utan nøkkel.

Tilgjenge for brannmannskap

Det er viktig å kartlegge brannvesenet sin tilgang til fasadane i bustadområde. Dei vanlegaste hindringane er parkerte bilar, trange passasjar.

Har du spørsmål?

Gaute Johnsgaard
Brannsjef
E-post
Mobil 90 11 62 65
Svein Ove Åmås
Branninspektør
E-post
Mobil 97 57 84 90