Bål og grilling

Brannlovgivinga har følgjande forbod:

  • Det er forbode å gjere opp eld under tilhøve som kan føra til brann.
  • Bål og grill skal vera sløkt før du forlet plassen.
  • I sommarhalvåret - frå 15. april til 15. september - er det forbode å brenne bål i eller i nærleik av skog og anna utmark.  
  • I Årdal er det tilrettelagt for grilling i utplasserte betongflensar ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal og ved Seimstrondi i Seimsdalen.
  • Vis aktsemd ved bruk av open eld.

Har du spørmål om bruk av open eld, ta kontakt med brannsjefen (informasjon under).

Har du spørsmål?

Gaute Johnsgaard
Brannsjef
Svein Ove Åmås
Branninspektør