Overnatting i kommunale bygg

Skal du ha arrangement med overnatting på kommunal bygg eller andre bygg som ikkje er berekna for overnatting?

Da må du varsle brannvernet om overnattinga ved å fylle ut eige skjema.

Følgjande punkt må vere på plass før overnatting kan finne stad:

  • Brannvernet skal ha melding i god tid (minimum 2 dagar før) om overnatting,  kvar i bygget det vert overnatta og tal personar som overnattar.
  • Det skal vere minimum 1 ansvarleg tilstades til ei kvar tid og brannvernet skal ha telefonnummeret til den ansvarlege.
  • Utleigar må gjennom regelverk sikre at overnatting vert utført på ein tilfredstillande måte.
  • Det skal vere seriekopla røykvarslarar i alle rom som vert nytta om ikkje bygget har brannvarslingsanlegg.
  • Rømmingsvegar skal vere rydda, rømmingsplanar og sløkkeutstyr er gjort kjent for leigetakarane.
  • Alle skal møte på møteplass ved brannalarm, ansvarleg skal syte for at 110 vert varsla, ha oversikt og informera brannvernet når dei kjem.

Skjema for å sende melding om overnatting

Til toppen