Årdal tenk tryggleik - Årdal Politiråd

Årdal vart godkjent som Trygt Lokalsamfunn i år 2000 og regodkjent i juni 2010.

Det har vore god aktivitet i det førebyggande arbeidet både innan ulukker og kriminalitet, heilt sidan arbeidet starta opp med prosjektet Årdal Tenk Tryggleik i 1988. Politiet har heile vegen vore ein svært viktig samarbeidspartnar.

Mange årlege faste postar innan oppvekstområda, frå barnehagane til vidaregåande skule, er med på å bygge gode haldningar hjå born og unge.

Kriminalitetsstatistikken for kommunen vitnar om at arbeidet har effekt.

  

Styrande komite/Politiråd

  • Ordførar
  • Kommunedirektør
  • Fabrikksjef Hydro Årdal
  • Leiar Norsk Folkehjelp Årdal
  • Leiar Årdal LO
  • Politikontakt Årdal
  • Ungdomsrådet
  • Leiar Sivilforsvaret
  • Kommunalsjef helse
  • Koordinator

Årdal Tenk Tryggleik (ÅTT) skal:

  • Setja tryggleiksarbeidet på dagsorden for innbyggjarane i kommunen
  • Vere "adressa" for innmelding av situasjonar, hendingar og forslag til endringar
  • Førebygge og redusere ulykker i arbeid, skule, heim og fritid
  • Samordna kompetansen til deltakarane i ÅTT for å nå felles mål
  • Arbeide for trivnad og større miljøforståing i kommunen
  • Satse på kriminalitetsførebyggjande arbeid

Årdal tenk Tryggleik er adressa for innmelding av situasjonar, hendingar og forslag til endringar.

Saker som kan meldast inn:

  • trafikkfarlege tilhøve
  • hol i asfalten
  • laus kantstein
  • tre/busk som veks ut i veg Prosjektplan for Tenk Tryggleik
  • gatelys som ikkje virkar
  • skilt som er skada
  • skade på rekkverk/gjerder/autovern
  • manglande vegmerking (t.d. utslitne fotgjengarfelt)
  • skjemmande bilvrak på offentlege plassar
  • forsøpling/forureining (uoffisielle bossplassar)
  • brannfarlege tilhøve

Er du i tvil om kva du kan melde inn, ta kontakt med koordinator. ÅTT lovar å sjå på alle saker og alle som melder inn saker får ei attendemelding.

Har du spørsmål?

Svein Ove Åmås
Branninspektør
E-post
Mobil 975 78 490
Til toppen