Kommunal planstrategi 2023 - 2027
Den kommunale planstrategien er eit ledd i den kommunale planlegginga og fungerer som eit overordna politisk styringsverktøy. Planstrategien drøftar kommunens status og utfordringar, og vurderer kva planar kommunen skal prioritere i løpet av fireårsperioden.
Sist endra 17.02.2025 09:50
Planstrategien skal sikre overordna planlegging, og sette lys på kva utfordringar dei ulike sektorane i kommunen ynskjer å imøtekomme i løpet av kommunestyreperioden. Den kommunale planstrategien har sju hovudføremål:
- Kommunen skal i planstrategien, med bakgrunn i utfordringar og utviklingstrekk, synleggjere det samla planbehovet for dei ulike sektorane i kommunen
- Kommunen skal revidere gjeldande kommuneplan. Kommuneplanen tek føre seg gjeldande arealplanar i kommunen og oppdaterer desse med eigne føresegn i ny kommuneplan
- Utarbeiding av ny områdereguleringsplan for sentrumsområda på Farnes i Øvre Årdal
- Kommunen skal gjennom forprosjekt og detaljplanlegging legge til rette for eit nytt omsorgssenter på Årdalstangen
- Utarbeide ein kulturminneplan med handlingsplan for alle kulturminner og kulturmiljø innanfor kommunegrensene
- Kommunen skal utarbeide ein naturmangfaldsplan som tek utgangspunkt i eksisterande datagrunnlag og vurderer dette. Vidare skal det utarbeidast ein oversikt over naturområde som treng ytterlegare undersøking
Planstrategien er eit politisk styringsverktøy som også skal følgje opp intensjonane i § 3-1 i plan- og bygningslova om at:
Planlegginga skal bygge på økonomiske og andre ressursmessige føresetnadar for gjennomføring og ikkje vere meir omfattande enn naudsynt