Høyringar og kunngjeringar

Det vert med dette varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for ny miljøstasjon i regi av SIMAS IKS, jf. § 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova. 

1. Reguleringsplan

1.1 Framleggsstillar

Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for framleggsstillar SIMAS IKS. Då SIMAS IKS er eit interkommunalt selskap som har inngått avtale om renovasjonsordning med Årdal kommune, og er deleid av Årdal kommune, blir ikkje dette å sjå på som eit privat planforslag, men heller ein kommunal plan som vert utarbeidd av SIMAS IKS i samråd med Årdal kommune.

1.2 Planområdet

Planarbeidet gjeld eigedomen gnr. 6, bnr. 404, lokalisert mellom Hydro og fylkesveg 53 på Årdalstangen. Planområdet femner om eit areal på ca. 16,5 daa.

1.3 Planstatus

I kommuneplanens arealdel er området avsett til næringsverksemd. Årdal kommune jobbar for tida med framlegg til ny arealdel av kommuneplanen, og dette arbeidet vil samordnast med reguleringsplanarbeidet. I kommuneplanens samfunnsdel (2022) er det vedteke fleire mål for å styrkje kommunen si satsing på positive klima- og miljøtiltak, blant anna ved å utvikle ein sirkulærøkonomi med gjenvinning, reparasjon og gjenbruk. Reguleringsplan for industriområdet ved Finnsåstunnelen (1999) er gjeldande for planområdet i dag, som regulerer området til "lettare" industri, samt kontor/bustad.

 1.4 Hovudmålet med planarbeidet

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av ny miljøstasjon i regi av SIMAS IKS, for å stette forpliktingar og mål kommunen har sett i kommuneplanens samfunnsdel med omsyn til berekraftig samfunnsutvikling. Detaljreguleringsplanen med tilhøyrande dokument vil omfatte:

  1. Plankart med tilhøyrande planføresegner i samsvar med § 12-3 i plan- og bygningslova
  2. Planomtale som beskriv planens formål, hovudinnhald og verknader, samt planens forhold til rammer og retningslinjer som gjeld for området, i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningslova
  3. Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som vert utarbeidd i samsvar med § 4-3 i plan- og bygningslova

2. Merknadar/uttalar og spørsmål

For nærare informasjon om planarbeidet kan spørsmål rettast til:

Martin R. Stensaker:
Telefon: 922 67 395
E-post: martin.ramsland.stensaker@ardal.kommune.no

Årdal kommune:
E-post: postmottak@ardal.kommune.no

Dersom du har merknadar til planen, supplerande opplysningar, synspunkt eller anna informasjon som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du kontaktar ovanfornemnde.

Frist for å sende inn merknadar er sett til 15. august 2024.

3. Vidare saksgang

Planområdet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta for konsekvensutgreiingar med tilhøyrande særskilte utgreiings- og handsamingsreglar. Notat med vurdering av planarbeidet opp mot forskrifta for konsekvensutgreiingar er utarbeidd og ligg vedlagt.

  • Framleggsstillar skal utarbeide planframlegg med tilhøyrande ROS-analyse i samråd med kommunen.
  • Kommunen fremjar og legg planframlegget ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredsstillande. I samband med gjennomføring av offentleg ettersyn, er det mogleg å kome med merknader og gje supplerande informasjon til planframlegget. Etter dette vil eventuelle merknader/supplerande informasjon vil bli vurdert av kommunen i samband med den vidare handsaminga av planen.
  • Til slutt vil planframlegget bli teke til slutthandsaming for vedtak/godkjenning.

Vedlegg:

Årdal kommune - vurdering av alternativ for plassering av miljøstasjon (PDF, 952 kB)

KU-vurdering (DOCX, 918 kB)

Kart planområde:

 

Har du spørsmål?

Martin Ramsland Stensaker
Kommuneplanleggjar
E-post
Mobil 92 26 73 95