I samsvar med § 12-10 i plan- og bygningslova vedtok formannskapet i møte 15. mai 2025, i sak 058/25, å legge framlegg til Detaljreguleringsplan Årdal omsorgssenter ut til offentleg ettersyn. Planen omfattar heile eller delar av eigedomane gbnr. 4/13, 4/33, 5/1, 5/66, 5/67 og 5/68 samt tilgrensande vegareal på Årdalstangen.
Formålet med planen er å legge til rette for nytt omsorgssenter på Årdalstangen. Samtidig skal den sikre at det vert opparbeidd fullverdig erstatningsareal for friluftsbadet/friområdet langs elva i form av møteplass(ar) tilrettelagt for aktivitet. Planområdet femner om eit areal på ca. 20 dekar som er lokalisert på den nordlege delen av sentrum på Årdalstangen, langs Hæreidselvi og Tangevegen. Planarbeidet har foregått parallelt med arbeidet med forprosjekt for omsorgssenteret, som skal vere ferdig sommaren 2025.
Det vart varsla om oppstart av planarbeidet i brev og på nettsida til Årdal kommune den 17. oktober 2024, samt i kunngjering i Sogn Avis den 22. oktober 2024. Den 6. mars 2025 vart det varsla om ei mindre utviding av planområdet. Skjema med gjennomgang av innkomne innspel ligg vedlagt nedanfor.
Hvis du ønskjer å sjå planframlegget fysisk, vil det vere tilgjengeleg på rådhuset på Årdalstangen og på biblioteket i Øvre Årdal. Planframlegget er også tilgjengeleg for gjennomgang i digitalt planregister på arealplaner.no og kommunekart.com
Dersom du har merknader til planen må det sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdal, eller e-post postmottak@ardal.kommune.no. Frist for merknader er sett til 18. juli 2025.
Planframlegg med vedlegg ligg her:
52406644_001_Planomtale_J02.pdf (PDF, 4 MB)
52406644_002_planføresegner_J02.pdf (PDF, 306 kB)
DR-plan_J02-A1-L_2025-05-15_058-25.pdf (PDF, 672 kB)
ROS-analyse detaljregulering Årdalstangen omsorgssenter.pdf (PDF, 2 MB)
Detaljregulering Årdal omsorgssenter - støyvurdering.pdf (PDF, 3 MB)
KU-vurdering for detaljreguleringsplan nytt omsorgssenter Årdalstangen.pdf (PDF, 728 kB)
Omveg – grøntområde tilrettelagt som sosial møteplass og eigenorganisert aktivitet - konsept for fullverdig erstatningsareal.pdf (PDF, 2 MB)
Vedlegg A Merknader til varsel om oppstart av planarbeidet og varsel om utviding av planområdet.pdf (PDF, 369 kB)
Vurdering av parkeringssituasjonen på Årdalstangen sentrum i høve nytt omsorgssenter.pdf (PDF, 789 kB)
Landskapsplan Årdal omsorgssenter.pdf (PDF, 7 MB)

