Offentlege innkjøpLytt til tekstenStopp avspillingÅrdal kommune gjennomfører sine innkjøp i samsvar med anskaffelsesloven med tilhøyrande forskrift og eige innkjøpsreglement. Målet for innkjøpsarbeidet i kommunen er å kjøpe og forvalte dei varer og tenester det er behov for på ein måte som fører til mest mogleg effektiv ressursutnytting for heile kommunen. Sist endra21.01.2021 11:15 Grunnleggande prinsipp for innkjøp Årdal kommune har som målsetting å ikkje konkurranseutsette kommunal tenester. Dersom administrasjonen vurderer at eit kommunalt tenestetilbod må settast ut på anbudskal det leggast fram sak for formannskapet. Årdal kommune skal arbeide for at kommunen blir ein skatteparadisfri kommune. Alle innkjøp av varer og tenester, samt ev investeringar, som kommunen gjere aleine eller i lag med andre – skal skje med leverandørar som ikkje har tilknyting til skatteparadis Under føresetnad av at ein er innanfor gjeldande reglar - skal ein fortrinnsvis nytte lokal leverandør I relevante konkurransar vert det stilt krav om at leverandører er tilknytta ei lærlingordning, og at ein eller fleire lærlingar deltek i arbeidet med gjennomføringen av kontrakten som til dømes ved byggeprosjekt Seriøsitetskrav i offentlege anskaffingar for bygg og anleggsbransjen skal følgjast og vere innarbeidd i kommunen sine konkurransegrunnlag.