Tobakksal og tilsynsavgift
Alle som sel tobakksvarer skal vere registrert i tobakkssalsregisteret og betale tilsynsavgift.
Registrering og avregistrering i tobakkssalsregisteret
- Alle som sel tobakksvarer må registrere seg i tobakkssalsregisteret til Helsedirektoratet. Det gjeld også dei som sel e-sigarettersigarettar, gjenoppfyllingsbeholdere, urtebaserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogater.
- Om du skal slutte å selgje tobakksvarer, må du avregistrere deg i tobakkssalsregisteret.
Les meir om korleis du registrerer og avregistrerer tobakkssal av Helsedirektoratet.
Kontroll av tobakksal
Kommunen er tilsynsmynde og kontrollerer mellom anna at stader som sel tobakksvarer følgjer tobakkskadelova:
- opplysningane i Tobakksalregisteret stemmer med opplysningane på salsstaden
- varene er kjøpt frå ein registrert grossist
- tobakksvarer ikkje blir selde til personer under 18 år
- salsstaden har ein internkontroll som gir dei tilsette god nok kunnskap om regelverket
- at det ikkje er reklame for tobakksvarer
- tobakksvarer ikkje blir selde med rabatt eller gitt vekk gratis
Tilsynsavgift
Alle salsstader for tobakk må kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen. Tilsynsavgifta vert regulert årleg i tobakksforskriften §33.
- Tilsynsavgifta for faste salsstader er for kr 4 800 kroner i året.
- For midlertidige salsstader er tilsynsavgifta kr 1 280 kroner i året.
Årdal kommune innfører tilsynsavgift frå 1.1.2022 og avgifta vert krevd inn på slutten av året.
Lover og forskrifter
Kommunen oppmodar alle salsstader å lese følgjande lover:
Forskrift om registrering av og tilsyn med salg av tobakksvarer mv. (tobakkssalgsforskriften)
Lov om vern mot tobakksskader (tobakksskadeloven)
Forskrift om forbud mot tobakksreklame mv.