Søknad om fast skjenkeløyve

Har du serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve.

Korleis få skjenkeløyve?

  • Styrar og avløysar må ha klart kunnskapsprøven som du kan lesa om her for å kunne søke om skjenkeløyve.
  • Det er krav om uklanderleg vandel i høve til alkohollova. Vert gjort vandelskontroll.
  • Styrar og avløysar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • Styrar og avløysar må vere over 20 år.

Korleis søke om skjenkeløyve?

Du logger deg inn på det elektronisk søknadsskjema her

Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må oppgi om du skal starte ein ny stad som ikkje har løyve eller om du skal overta og drive ein eksisterande stad.

Vedlegg som må følge søknad om skjenkebevilling

  • Firmaattest
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Opplysningar om andre eigarforhold, til dømes eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon, som til dømes budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.

Uttale frå andre myndigheiter

Som eit ledd i sakshandsaminga vil kommunen innhente uttale frå politi, skattemyndigheiter og eventuelt andre offentlege myndigheiter. Den som står som ansvarleg for skjenkeløvyet og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i høve straffelovgivinga, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivnga, lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion mv. Desse personane må heller ikkje ha gjort seg skuldig i lovbrot i høve anna lovgiving på ein måte som vil vere i strid med sal av alkoholhaldig drikk. Ved vurdering av løyvehavaren og andre personar sin vandel som nemnt over, kan det ikkje takast omsyn til forhold som er eldre enn fem år.

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjere endringar undervegs i handsaminga av søknaden.

Dersom løyvet blir innvilga, får søkjar eit eige dokument, eit løyvebrev, saman med vedtaket. Løyvebrevet er dokumentasjon på at de har rett til å selje og skjenke alkohol.

Ver merksam på at dersom de får løyve, kan skjenkinga likevel ikkje starte før:

  • de har motteke melding om løyve
  • styrar og vikar for styrar har bestått kunnskapsprøve 
  • internkontrollsystem etter alkohollova er oppretta, sjå kommentar og lenkje nedanfor.
  • eventuelle tilleggskrav i vedtaket er oppfylt

I følge kapittel 8 i alkoholforskrifta må bevillingsinnehaver ha eit internkontrollsystem for å sikre at krava i alkohollova og -forskrifta blir haldne. Helsedirektoratet har utarbeidd Guide til god internkontroll etter alkoholloven som du kan lesa om her.

Rapportering av omsetning

Omsetning skal rapporterast årleg til Årdal kommunen innan 1. april på detta skjemaet.

Har du spørsmål?

Laila Røneid
Formannskapssekretær
E-post
Mobil 95 27 71 45