Salsløyve

For sal av alkohol i butikkar. Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Når treng du salsløyve?

Butikkar som skal selje alkohol må søke om salsløyve. Løyvet gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Det må søkast om nytt løyve ved vesentlege endringar i eigarsamansetning eller endring av konseptet for verksemda.

Ved verksemdsoverdraging kan ny eigar drive på eksisterande løyve i inntil tre månader. Melding om verksemdsoverdraging og søknad om nytt løyve må vere levert kommunen innan 30 dagar etter at overdraginga har skjedd.

Ved konkurs fell løyvet bort.

Kven kan få salsløyve?

Løyvet vert gjeve til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og vikar for løyvet. Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven.

Korleis søke?

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet. 

Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli handsama før alle nødvendige vedlegg er motteke. 

Vedlegg til søknad

  • Firmaattest
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.

Uttale frå andre myndigheiter

Som eit ledd i sakshandsaminga vil kommunen innhente uttale frå politi, skattemyndigheiter og eventuelt andre offentlege myndigheiter. Den som står som ansvarleg for salsløvyet og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i høve straffelovgivinga, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivnga, lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion mv. Desse personane må heller ikkje ha gjort seg skuldig i lovbrot i høve anna lovgiving på ein måte som vil vere i strid med sal av alkoholhaldig drikk. Ved vurdering av løyvehavaren og andre personar sin vandel som nemnt over, kan det ikkje takast omsyn til forhold som er eldre enn fem år.

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjere endringar undervegs i handsaminga av søknaden.

Dersom løyvet blir innvilga, får søkjar eit eige dokument, eit løyvebrev, saman med vedtaket. Løyvebrevet er dokumentasjon på at de har rett til å selje alkohol.

Ver merksam på at dersom de får løyve, kan salet likevel ikkje starte før:

  • de har motteke melding om løyve
  • styrar og vikar for styrar har bestått kunnskapsprøve 
  • internkontrollsystem etter alkohollova er oppretta, sjå kommentar og lenkje nedanfor.
  • eventuelle tilleggskrav i vedtaket er oppfylt

I følge kapittel 8 i alkoholforskrifta må bevillingsinnehaver ha eit internkontrollsystem for å sikre at krava i alkohollova og -forskrifta blir haldne. Helsedirektoratet har utarbeidd Guide til god internkontroll etter alkoholloven.

Rapportering


Omsetning skal rapporterast årleg til Årdal kommune innan 1. april på eige skjema.

Har du spørsmål?

Laila Røneid
Formannskapssekretær
E-post
Mobil 952 77 145
Til toppen