Ytre Moa

Vikinggarden på Ytre Moa er det mest heilskaplege gardsanlegget ein kjenner til i Norge frå vikingtida på 800-1050 talet. Garden er frå den store nyryddingstida på 800-talet. Av ein eller annan grunn vart garden lagt øyde, truleg mot slutten av 900-talet. Ved utgravingane i 1964-1966 vart det funne seks hus og kring 20 gravrøyser.

Ytre Moa er ein grus- og sandterrasse, som ligg om lag 100 meter over havet, ved foten av den stupbratte sørsida av fjellet Moakamben i Øvre Årdal. Terrassen er flat oppå, med bratte kantar ned til elvane Utla i vest og Tya i sør. Terrasseflata har vore på 80 til 90 mål, men elvane har gjennom åra skore seg kraftig inn i terrassefoten og minka arealet. Gardsanlegget ligg på austre delen av den store terrasseflata, der jordsmonnet er best.

Les meir om Ytre Moa i fylkesarkivet sitt digitale leksikon.

Søk gjerne sjølv og inne i Kulturhistorisk leksion.