Ne fø sjøen

Indre Ofredal fortel ei sterk og tydleg historie som gjer dalen til noko meir enn ein av dalane langs Sognefjorden. Ikkje minst vasskraftanlegga er viktige, og syner historia om Noreg som vasskraftproduserande nasjon. Husa ligg attmed Kleivefossen, og har Sognefjorden (Årdalsfjorden) som næraste nabo. Gardsanlegget blir difor kalla "Ne fø sjøen".  "Ne fø sjøen" ligg nedst i det bratte dalføret i Indre Ofredal, som òg er kjend for den gode furuskogen sin.

Indre Ofredal var frå midten av 1800-talet, og fram til andre verdskrig, eit viktig senter for handel og næringsverksemd i heile Indre Sogn. Det var eit økonomisk og politisk tyngdepunkt i Årdal, og dei 2 fyrste ordførarane var herifrå. Her var sjøbu, sagbruk og mølle frå 1900, ved sida av dei andre gardsbygningane. I dette "industriområdet" var det liv og røre, med produksjon, lossing og lasting av råvarer og ferdigprodukt. Furuskogen i Ofredal har svært god kvalitet, og saman med vanleg jordbruk og fruktdyrking har dette vore levevegen for folk i Indre og Ytre Ofredal.

Årdal kommune har bygt bilveg frå Seimsdal, og rusta i si tid opp kulturvernanlegget. I dag vert anlegget drive som ei stifting.

På Seimsåsen har Årdalstangen Idrettslag no bygt ut sitt skisenter med skihytte og skiløyper. Anlegget står fram som eit viktig lokalt aktivitetssenter.

Du kjem til Indre Ofredal med bil via Årdalstangen, til Seimsdal, og gjennom Ofredalstunnelen. Du kan òg komme via sjøvegen.

«Indre Ofredal Ne fø sjøen på facebook 

«Indre Ofredal Bed & Breakfast»