Lokalhistorie

I lokalhistoriesamlinga til biblioteket kan du finne bøker, fotografi, filmar, artiklar, årbøker og lokalhistoriske oppgåver med mykje informasjon om Årdal og bygdene rundt.

Stadig meir blir tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Det er mogeleg å søkje på t.d. aviser, bøker, bilete, handskrifter, radio og film. Her kan du søkje i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteke. Nasjonalbiblioteket har laga video som viser korleis ein kan orientere seg i avisene og bøkene deira, og lure teknikkar for å finne fram som slektsforskarar.

Årdal sogelag sit på mykje informasjon om Årdal si historie. Dei gjev mellom anna ut medlemsbladet som har fått namnet «Årdal før og no», og har artiklar om stort og smått frå Årdal si historie.

Andre nettstadar

Arkivportalen – nasjonal  på tvers av arkivinstitusjonar sine katalogar

Arkivverket – Riksarkivet og statsarkiva

Digitalarkivet – inneheld folketellingar, kyrkjebøker, emigrantprotokollar m.m.

Digitalt museum – dei kulturhistoriske musea si formidlingsløysing for foto, gjenstandar og kunst.

Gravminner – finn slektningar etter år 1900.

Fjognedok –  bibliografisk database med registrert lokalhistorisk litteratur frå Sogn og Fjordane gjeve ut frå 1865 til i dag.

Kulturminnesøk – finn informasjon om over 170 000 kulturminner og kulturmiljø

Lokalhistoriewiki – wiki med lokalhistoriske artiklar skrivne av frivillige

Sogn og Fjordane fylkesarkiv – kjelder til den lokale historia for fylket, bl.a. foto, fylkesatlas og kulturhistorisk leksikon

Universitetsmusea sine samlingsportalar

Har du spørsmål?

Årdal Bibliotek
E-post
Telefon 46 91 56 47