Årdal bibliotek har fritidsutstyr til utlån. Vi har ski, stavar, skisko, skøyter, truger, pulkar (ein barnepulk, ein lastepulk), sekkar, bæremeis, soveposar, telt, kokeapparat og sitte- og liggeunderlag. I tillegg låner vi ut Årdal turlag sine turhengekøyer. Turhengekøyene er til utlån til ungdom.
Årdal kommune har fått midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Bufdir til utstyret.
Det er gratis å låne utstyret.
Utstyret må hentast og leverast i biblioteket si opningstid.
Lånetid er ei veke.
Oversikt over utstyret:
Liste over alt utstyr
Ski
Skisko
Skistavar
Truger
Skøyter
Utstyrsbank – reglar
Utstyret må hentast og leverast i biblioteket si opningstid
Utstyret skal ikkje setjast att utanfor biblioteket dersom biblioteket ikkje er ope
Utstyret skal leverast attende i same stand som ved utlån
Utstyret skal vere tørka og reingjort
Utstyret skal pakkast ned på rett måte
Meld frå om utstyret vert skada
All merking, emballasje, stroppar og anna skal leverast attende
Utstyret skal brukast i tråd med gjeldande regelverk, og brukaren er ansvarleg for at utstyret vert nytta på ein sikker måte