Ungdomsklubbar og fritidstilbod

Ungdomsklubbane i Årdal er ein sosial møteplass der ungdom kan møtast, ha det kjekt og vere seg sjølve. Me har ungdomsklubb både i Øvre Årdal og på Årdalstangen, der me arrangerer spennande aktivitetar og arrangement på ulike møteplassar gjennom året. I tillegg tilbyr me Tysdagsklubben eit fritidstilbod for unge og vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar, med fokus på fellesskap, aktivitet og gode opplevingar.

Motto

Ein stad å lære
Å ha noko å gjere
Ein stad å vere

Ungdomsklubbane i Årdal

Årdal kommune har ungdomstilbod både i Øvre Årdal og på Årdalstangen.

Ungdomsklubben i Øvre Årdal

Ungdomsklubben i Øvre Årdal heiter Kjedlar'n og held til i kjellaren på Kulturhuset, med inngang frå Farnesvegen (på nedsida av kulturhuset). Tilbodet er for ungdom frå 8. klasse til og med 19 år, og har faste opningsdagar

Ungdomstilbod på Årdalstangen

På Årdalstangen arrangerer me ulike aktivitetar og møteplassar gjennom året. Tilbodet varierer frå veke til veke og kan vere alt frå spelkveldar og kreative aktivitetar til kino, turneringar og andre arrangement.

For å få med deg kva som skjer, kvar me er og når aktivitetane blir arrangerte, følg oss på våre sosiale medium. Der legg me fortløpande ut informasjon om komande arrangement og aktivitetar.

 

Medlemskort for klubbåret kostar kr 200,-. Då har du gratis inngang til både ungdomsklubben på  i Øvre Årdal og til aktivitetane på Årdalstangen.

Har du ikkje medlemskort, kostar inngangen kr 10,- per klubbkveld i Øvre og prisane på Årdalstangen varierer etter korleis aktivtet me har.

Me lagar aktivitetsplanar gjennom året med varierte aktivitetar, og følgjarane våre på sosiale medium får alltid oppdatert informasjon om kva som skjer.

 Kjedlar`n har biljard, musikkanlegg og kjøkken, så det er gode moglegheiter for både aktivitetar, matlaging og sosialt samvær.

Takk vere støtte frå ulike lag og organisasjoner er alle aktivteter,  mat og drikke gratis 2026/2027.

Følg oss gjerne på sosiale medium for oppdateringar, aktivitetar og eit innblikk i kvardagen på ungdomsklubbane i Årdal.

Instagram: Ungdomsklubbane i Årdal
Facebook: Ungdomsklubbane i Årdal

Reglene for bruk av ungdomsklubbane : Reglar ungdomsklubben godkjent av ungdomsråd (DOCX, 125 kB)

Musikkrommet : 

Musikk rommet vårt er lokaliser i ungdomsklubben Kjedlar’n og er tilrettelagt til bruk for musikk øving. 

Musikkrommet innheld alt ein treng for ei god øving. 

Her kan ein få utfolde seg med musikk heilt GRATIS 

Ein kan øve når ein vil men ein må ta kontakt med undertikna for å få øvingstid , skrive under kontrakt og få nøkkel

Ein treng ikkje vere medlem i ungdomsklubbane for å bruke rommet  Dette er eit rom for alle barn og unge i Årdal!


Rutiner for bruk av musikkrommet : Musikkrommet rutiner (PDF, 122 kB)

Fritidstilbod:

Tysdagsklubben

Lokalisert i kjedlaren i kulturhuset, (inngang frå Farnesvegen, på nedsida av kulturhuset) og er eit tilbod til ungdom og vaksne med ulike funksjonsnedsettelser. Tysdagsklubben har medlemmer både frå Årdal, Lærdal og Aurland. 

Tysdagsklubben - Opningstider

Tysdagsklubben - Opningstider
DagTid
Kvar tysdag17.30-19.30

Pris:

Medlemskort kostar kr. 150.
Inngang: kr 10 kvar gong

Vi følgjer skuleruta når det gjeld opningstider.

Har du spørsmål?

Stine Moen Bakken
Leiar kultur, idrett og fritid
Telefon 47 32 81 47