Marint vern Sognefjorden

Sognefjorden er verdas djupaste og vår lengste fjord. Arbeidet med å verne dette unike marine området vart igangsett i 2022 som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar.

Verneføremålet

Føremålet med å verne Sognefjorden vil vere å verne den djupaste fjorden i verda. Fjorden har marin natur som også grenser mot verneområde på land. Høgdegradienten frå fjordbotn til fjelltopp kan vere meir enn 2500 meter.

Det blir skapt særeigne fysiske vilkår og biologisk mangfald som følgje av den store djupna. Av særlege verdiar kan nemnast døme på emergens, som vil seie at djupvass-artssamfunn førekjem uvanleg grunt, mellom anna i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.

Vasskvaliteten i Årdalsfjorden – status 2025

Årdalsfjorden er ein del av det regionale overvakingsprogrammet for Sognefjorden, der Statsforvaltaren i Vestland følgjer med på den miljømessige tilstanden i fjordane. Fjorden er delt i to vassførekomstar, Årdalsfjorden-indre, som strekkjer seg inn til Årdalstangen, og Årdalsfjorden-ytre. Begge er påverka av industri og avløp, mellom anna har Hydro Aluminium og det kommunale avløpsanlegget på Farnes utsleppspunkt ved Årdalstangen.

Resultata frå 2025 viser eit samansett bilete. Dyrelivet på botnen (bløtbotnsfauna) held jamt over god til svært god tilstand, men målingar av miljøgifter trekkjer den samla vurderinga ned. Den økologiske tilstanden er sett til moderat i begge vassførekomstane, medan den kjemiske tilstanden er dårleg, i hovudsak på grunn av PAH-sambindingar, og i tillegg kobber i indre fjord og PFOS i ytre fjord, påvist over grenseverdiane i botnsedimentet.

Rapporten tilrår å halde fram med overvakinga, særleg av miljøgifter i sediment, for å følgje utviklinga i fjorden vidare.

Les heile rapporten her