Hagefuglteljing

Hagefuglteljinga går av stabelen laurdag 24. og sundag 25. januar over heile landet! 
Det er òg mogleg å rapportere i perioden 17. januar til 1. februar.

Hagefuglteljinga går av stabelen laurdag 24. og sundag 25. januar over heile landet!
Det er òg mogleg å rapportere i perioden 17. januar til 1. februar.

TEL FUGLAR PÅ FÔRINGSPLASSEN
Tel fuglane du ser i hagen din, og legg inn det du har observert på fuglevennen etterpå. Her finn du oppdaterte resultat frå Hagefuglteljinga til ei kvar tid!

SLIK TEL DU
Du skal telje det høgaste talet av kvar art som du ser samstundes under Hagefuglteljinga. Ser du til dømes 6 kjøtmeis saman på fôringsplassen kl. 10, og 4 kjøtmeis kl. 11, skal du rapportere 6 individ.

Set av ein time eller meir, og bli med på å kartlegge vinterfuglane i Noreg du òg! Fuglar som vel å overvintre i Noreg er nokre skikkelege tøffingar. Korleis påverkar vinterforholda bestandane av småfugl i norske hagar om vinteren? Bli med og finn ut når BirdLife Noreg inviterer til den årlege Hagefuglteljinga! Då kan du bidra ved å rapportere kva fuglar du har i hagen din.

Bli med – og inviter ein ven!

Legg inn rapport og finn meir informasjon her:
https://www.fuglevennen.no/aktiviteter/foringsplassen/

Kva kan eg mate fuglane med? Få gode tips her:
https://www.fuglevennen.no/arkiv/?vis=oppslag&op_id=1152

Lag ei sosial meisebolle som fuglane elskar:
https://www.fuglevennen.no/arkiv/?vis=oppslag&op_id=1651