Rapporter funn
Bidra med funna dine og auk kunnskapen om kvar artane finst. Informasjonen du deler kan vere verdifull for forskarar og dei som forvaltar naturen.
Sist endra 16.01.2026 09:04
Artsobservasjonar
Artsobservasjonar er Noregs største database for registrering av artar. Her kan alle bidra anten du er nybyrjar eller erfaren. Samstundes kan du lære meir og bli ein del av eit fellesskap av naturinteresserte.
Har du sett ein framand art?
Miljødirektoratet ønskjer di hjelp til å kartleggje utbreiinga av framande artar. Observasjonane dine gir verdifull kunnskap om utbreiing og spreiing.
Slik kjem du i gang
Gå til Artsobservasjonar.
Logg inn eller opprett ein gratis brukar første gongen du rapporterer.
Legg inn funnet ditt med informasjon om art, stad og tidspunkt.
Del gleda med andre og vit at observasjonen din kan bidra til viktig kunnskap om naturen.
Usikker på kva art du har funne?
Appen Artsorakel kan hjelpe deg med artsbestemming ved hjelp av bilete.
Ta eit bilete av planten, dyret eller soppen og få forslag til kva art det er.