Årdal er teknologibygda innerst i Sognefjorden – eit moderne lokalsamfunn omkransa av spektakulær natur, bygd på samspelet mellom natur, teknologi og folk. Dei same kreftene som ein gong reiste storindustrien her, skal no vise korleis ein liten kommune kan bli ein sterk miljøkommune.
Målet vårt fram mot 2030 er at Årdal skal vere eit berekraftig lokalsamfunn med sterke bukvalitetar – eit klima-, natur- og miljøvennleg samfunn der teknologi og miljø gjennomsyrer heile bygda, og der veksten i arbeidsplassar byggjer på grøn teknologi og sirkulærøkonomi.
Arbeidet er forankra i FN sine 17 berekraftsmål og i kommuneplanens samfunnsdel «Teknologi og miljø inn i framtida». Slik vil vi vere ein miljøkommune:
Sist endra 17.06.2026 11:12
Eit lågutsleppssamfunn der det er lett å leve miljøvennleg
Vi reduserer klimagassutslepp, ureining og støy, og legg til rette for fossilfri transport med kollektivtilbod og gode vilkår for gange og sykkel. Vi byggjer ein sirkulærøkonomi med gjenvinning, reparasjon og gjenbruk, der den einskilde lett kan velje delings- og gjenbruksløysingar. Og vi nyttar den teknologiske posisjonen vår til å skape nye, grøne arbeidsplassar.
Vi tek vare på naturen
Vi sikrar naturmangfaldet og økosystema gjennom kunnskapsbasert forvaltning, kartlegging av naturmangfald og restaurering av forringa natur. Vi tek vare på vilt, fisk og naturressursar, sikrar rein luft og reint vatn, og hindrar forureining og forsøpling. Nærnaturen skal vere lett og trygt tilgjengeleg der folk bur.
Vi er ein miljømedviten organisasjon
Kommunen skal gå føre. Vi stiller klima-, natur- og miljøkrav til samarbeidspartar, utbyggjarar og i offentlege innkjøp, byggjer klima- og energieffektive bygg, og effektiviserer energibruken. Vi nyttar klimarekneskap og klimabudsjett for å følgje opp og konkretisere tiltaka.
Eit trygt og klimarobust samfunn
Klimaendringane har alt gjeve Årdal meir ekstremvêr, med auka fare for flaum og ras. Vi driv aktiv klimatilpassing, har oversikt over fareområde og sikrar bustader, bygg og infrastruktur mot naturskade. Klimarisiko blir vurdert jamleg og innarbeidd i planverket og i den overordna ROS-analysen.
Ein medspelar i Grøn region Vestland
Med mykje lokal fornybar kraft og eit sterkt industrimiljø har Årdal eit særskilt fortrinn. Vi utnyttar potensialet for grøn verdiskaping og industrielle symbiosar, og arbeider aktivt for tilgang på fornybar energi.
Prosjektet Miljøkommunen Årdal
Miljøkommunen Årdal er det viktigaste verktøyet vårt for å nå måla. Prosjektet konkretiserer tiltak og strategiar, og viser korleis ein liten kommune kan bli ein sterk miljøkommune ved å spele på eigne styrkar.
Vil du sjå dei konkrete måla og kor langt vi er komne? Gå til Mål og resultat.
Grunnlagsdokument: Kommuneplanens samfunnsdel «Teknologi og miljø inn i framtida» 2022–2030 (PDF, 446 kB) og Klima- og miljøpolicy for Årdal kommune. (PDF, 161 kB)