Mål og resultat

På denne sida viser vi dei konkrete klima- og miljømåla til Årdal kommune, korleis vi måler dei, og kor langt vi er komne. Måla er henta frå Klima- og miljøpolicyen, som er handlingsdelen til kommuneplanens samfunnsdel «Teknologi og miljø inn i framtida».

Klimagassutslepp og transport

MålFristIndikator
Redusere klimagassutslepp, ureining og støy frå drift med 80 %2050Utslepp frå kommunal drift
Auke bruken av kollektivtransport med 70 %2030Reisetal kollektiv
100 % elektriske bilar i kommunens bilpark2030Andel elbilar i bilparken
Redusere tenestereiser med fly med 50 %2025Andel flyreiser per tenesteområde
Redusere bilbruk til og frå jobb med 60 %2030Bilfrie dagar per tilsett

Dette gjer vi: kartlegg og skiftar ut tenestebilar, innfører ein forpliktande reisepolicy for tilsette, etablerer ladepunkt og sykkelparkering, og oppmodar til sykling og gange.

Sirkulærøkonomi og ombruk

MålFristIndikator
70 % avfallsreduksjon2027Avfallsmengder
80 % av innkjøp er ombruk der det er mogelegAndel brukte varer av innkjøpsvolum
Redusere bruk av emballasje med 30 %2026Emballasje per innkjøpsvolum
50 % av inventar kjøpt brukt2025Material til ombruk

Dette gjer vi: utarbeider avfallsinstruks, betrar innkjøpsrutinane med vekt på ombruk, og opprettar ein kommunal ombrukssentral.

Klima-, natur- og miljøkrav

MålFristIndikator
100 % av selskap kommunen eig er miljøsertifiserte2027Tal sertifiserte selskap
Miljø vektar 30 % på alle innkjøp uansett artAndel innkjøp med miljøvekting
Revidere 60 % av rammeavtalane2026Reviderte rammeavtalar
Redusere førekomstar av framande artar med 80 %2030Rapporterte mengder framande artar

Dette gjer vi: lagar eigarskapsmelding med forventning om sertifisering, inngår nye innkjøpsavtalar med miljøkrav, utarbeider naturmangfaldsplan og kartlegg framande artar.

Klima- og energieffektive bygg

MålFristIndikator
80 % av kommunale bygg er miljøsertifiserte2027Tal sertifiserte bygg
100 % av nye bygg er klima- og energieffektiveTal anbod med krav til fossilfri byggeplass
Auke energieffektiviteten i kommunale bygg med 40 %2030Straumforbruk per oppvarma areal
Minst 5 ENØK-tiltak kvart årÅrlegGjennomførte ENØK-tiltak

Dette gjer vi: senkar oppvarmingstemperaturen i bygg, energikartlegg og innfører tiltak som reduserer forbruk og aukar eigenproduksjon, og tek i bruk moderne driftsteknologi ved nybygg.

Ansvar for oppfølging: kommunalsjef for teknisk, samfunn og miljø.