Omsorgsbustad i Øvstetunshagen

Omsorgsbustadane i Øvstetunshagen er tilrettelagte fortrinnsvis for eldre og personar med ulike typar funksjonssvikt som gjer det vanskeleg å klare kvardagen i eigen bustad.

Kriterier/vurdering:

  • Det må vera vurdert om søkar framleis kan bu i eigen bustad ved å legge til rette med hjelpemidlar eller andre tiltak,eller kjøpe anna bustad
  • Søkar må ha behov for bustad som er tilpassa menneske med nedsatt funksjonsevne
  • Søkar med moderat funksjonssvikt kan tildelast omsorgsbustad når dette kan førebygge ytterlegare funksjonssvikt.

Heimetenester som heimehjelp, heimesjukepleie,tryggleiksalarm vert tildelt ettter individuelle vurderingar, slik som for andre heimebuande.

Korleis få tenesta?

Bustadane vert lyst ledige i Sogn Avis av  Årdal Boligbyggarlag. Det er boligbyggarlaget som har ansvar for alt det praktiske, og som ordner med kontrakt.

Årdal kommune kartlegg søkarane, og tildele omsorgsbustaden til den med størst behov.

Søkarar som er folkeregistrert i kommunen, vil verta prioritert ved tildeling.

Pris:

Leigetakar skriv kjøpskontrakt med Årdal boligbyggarlag. Det er innskudd og fellesutgifter på desse omsorgsbustadane.

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50
Til toppen