Pakkeforløp rus og psykiatriLytt til tekstenStopp avspillingPakkeforløp for rus/psykiatri skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og føreseieleg, utan unødig ventetid. Du skal heile vegen ha innverknad på behandlinga, og den skal evaluerast systematisk undervegs. Sist endra01.02.2021 08:42 Pakkeforløpet skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester for deg. Det skal sikre god samhandling mellom deg/pårørande og alle tenestene du har kontakt med. Eit pakkeforløp startar ved at fastlege eller NAV sender ei henvisning til spesialisthelsetenesta. Årdal kommune har ansvar for å sikre at du får naudsynt oppfølging medan du ventar på eventuell behandling frå spesialisthelsetenesta. Kommunen og spesialisthelsetenesta har forløpskoordinatorar som har ansvar for dette arbeidet. Dersom du allereie har ein koordinator/fagperson du har tett relasjon til i kommunen, er det naturleg at denne blir forløpskoordinator. Har du ikkje ein koordinator/fagperson i kommunen, kan du ta kontakt med forløpskoordinator i kommunen v/Tildelingskontoret. Her kan du få informasjon og råd/rettleiing om pakkeforløp psykisk helse og rus. Helse Førde har oppnemnd to forløpskoordinatorar: Ellinor Kleppenes: 415 30 437 Sønnøve Ramsfjell: 415 30 442 Du finn meir informasjon om pakkeforløp her: https://helsenorge.no/psykisk-helse/pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus