Opplæring til pårørande

Pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver kan ha trong for opplæring, rettleiing eller støttetilbod i samband med omsorgsoppgåva. 

Kven kan få tenesta?

Pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver.

Om tenesta:

Spesialisthelsetenesta skal tilby pasientar og pårørande naudsynt opplæring. Den kommunale helse og omsorgstenesta skal syte for opplæring, rettleiing og støttetilbod til pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver, saman med eller utan pasient eller brukar.

Avdelingar i Årdal kommune som kan ha ei rolle i høve opplæring, rettleiing og støttetilbod:

  • Koordinerande eining
  • Fastlege
  • Kreftkoordinator
  • Helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)
  • Frisklivsentralen

Du kan vende deg til tildelingskontoret for meir informasjon eller melde behov for opplæring, rettleiing og støttetilbod. 

Lovverk:

Retten til opplæring er heimla i helse og omsorgstenestelova

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50