Følgjekort

Årdal kommune har tilbod om føgljekort/ledsagarbevis. 

Kven kan få tenesta?

Personar som har trong for følgje eller assistanse for å gå på kultur og fritidsarrangement kan søkje om følgjekort.

Om tenesta:

Årdal kommune har tilbod om følgjekort/ledsagarbevis. Dette gjer det mogelg for deg å ta med deg følgje utan ekstra kostnadar på kultur- og fritidsarrangement der ordninga vert akseptert. Du må betale for deg sjølv på vanleg måte. 

Følgjekort vert tildelt til personar, som på grunn av funskjonsnedsetting har trong for følgjeperson på arrangement, kollektivreiser og fritidsaktivitetar. Ordninga er eitt av fleire tiltak for å førebygge isolasjon og gje auka livskvalitet til personar med funksjonsnedsetting. 

Det er den einskilde arrangør eller verksemd som avgjer om dei aksepterer følgjekort, og kva rabatt følgjekortet eventuelt gjev. Kommunen har informasjon om kva stader følgjekortet vert akseptert. Du kan og kontakte den einskilde arrangør for å høyre om dei aktsepterer følgjekort. 

Me handsamar alle søknader konfidensielt. Tildelingskontoret vil ta kontakt med deg etter framsett søknad.

Du kan lese meir om følgjekort her

 

Søk følgjekort her

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50