Utdanningsplan for spesialisering i allmennmedisin for legar i Årdal kommune
Dei allmennmedisinske fagområda har ei sentral rolle i kommunehelsetenesta.
Allmennlegar i primærhelsetenesta har eit breitt spekter av oppgåver, både ovanfor pasientar og andre tenester i kommunen og spesialisthelsetenesta. Det er ei stor breidd i pasientkategori og tilstandar allmennlegane greier ut og behandlar. Kommunen er avhengig av høg kvalitet i denne tenesta for å sikra innbyggjarane eit godt tilbod.
Årdal legekontor er godkjend utdanningsinstitusjon for ALIS (allmennlegar i spesialisering). ALIS får opplæring og rettleiing hjå oss som ein del av spesialistutdanninga, i kombinasjon med praktisk arbeid som fastlege.
Utdanningsplan for spesialisering i allmennmedisin for legar i Årdal kommune finn du her (PDF, 361 kB)
Sist endra 19.08.2026 11:45