Fastlegetenesta skal vera den trygge første staden du går til når du er sjuk eller uroa for helsa di.
Ved Årdal legekontor har me mellom anna ansvar for utgreiing, behandling og oppfølging av sjukdom og helseplager, i tillegg til førebyggjande helsearbeid. Fastlegen kan òg vurdera behovet for vidare oppfølging eller tilvising til spesialisthelsetenesta når det er naudsynt.
Me har øyeblikkeleg hjelp-funksjon på dagtid. Det betyr at me har ein lege tilgjengeleg for akutte medisinske hendingar.
Årdal, Lærdal og Aurland har felles legevakt alle kveldar, natt, helgar og heilagdagar. Etter kl. 15.30 på kvardagar må du ringja 116117.
Opningstider på telefon, ekspedisjon og laboratoriet
Kontaktinformasjon
Årdal legekontor: 57 66 53 90
Her kan du bestilla legetime elektronisk
Merk: Du kan kun bestilla legetime elektronisk dersom du har tildelt fastlege hjå oss og fastlegen din ikkje er erstatta av vikar.
Du finn oss her
Har du behov for å senda noko via posten til oss kan du nytta følgjande adresse:
Årdal kommune
Årdal Legekontor
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen
Sist endra 19.08.2026 11:39