Legevakt og naudnummer

Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal er felles legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland, samt felles legevaktsentral for kommunane i Indre Sogn. 

Legevaktsentral

Legevaktsentralen handterar alle henvendingar til legevakt. Du skal ringja legevakt dersom du treng helsehjelp, og ikkje kan venta på time hjå fastlege. Du kjem då til legevaktsentralen lokalisert til Lærdal. 

Sjukepleiarar ved legevaktsentralen har opplæring i å handtera slike henvendingar, og har støtteverktøy og oppslagsverk som dei nyttar for å kunne gje best mogleg og forsvarleg hjelp. 

Dersom ein har ringt legevaktsentralen vil ein kunne få råd og rettleiing, få formidla kontakt med lege, eller samtalen vert overført til 113-sentralen dersom det er akutt behov for helsehjelp.

Legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland

Sogn lokalmedisinske senter er lokalisert til Lærdal sjukehus i 1. etasje.

Dei tre kommunane samarbeidar om vaktberedskap. Lege på vakt vil vera tilstades på sjukehuset heile natta frå kl. 15.30 til 08.00 og heile døgnet på helg og i høgtider.

I kontortida har den einskilde kommune legevakt som før. Dersom ein har behov for legehjelp utanom kontortid er oppmøtestad i Lærdal. Lege vil framleis komma heim til pasienten dersom dette er naudsynt.

Dersom du ikkje kan venta på time til fastlege: Ring 116117 

Ved akutt, alvorleg sjukdom eller skade: Ring 113

Merk: Alle telefonsamtalar til 116117 og 113 vert tekne opp og loggførte.

Når bør ein kontakta legevakt?

Eksempel på tilstandar der det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakt:

  • Høg feber - særleg hjå born
  • Moderate pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  • Slapp og medteke born eller vaksen
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskadar som må syast
  • Mistanke om brot
     

Les meir om legevakta si rolle her

 

Her finn du Sogn lokalmedisinske senter (LMS):

Har du spørsmål?

Årdal legekontor
Telefon 57 66 53 90