Kreftkoordinator Årdal kommuneLytt til tekstenStopp avspillingKreftkoordinatoren vil gjerne vere til hjelp og støtte dersom du eller ein av dine næraste har fått ei kreftdiagnose. Sist endra01.02.2021 08:33 Kva kan kreftkoordinatoren hjelpe deg med? kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing vere ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid ha oversikt over, og informere om relevante tilbod, tenester, kurs og rehabilitering kan vere eit bindeledd mellom deg/pårørande og hjelpeapparatet sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande koordinere og legge til rette for at du og dine får ein best mogeleg kvardag