Koordinerande eining Lytt til tekstenStopp avspillingKoordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til brukarar med behov for tenester frå fleire fagområder, nivå og sektorar. Dersom du har to eller fleire tenester over tid som det er behov for å samordne, kan du ha rett på å få oppnemnd ein koordinator. Ein slik koordinator vil vere bindeledd mellom deg og dei ulike tenestene. Koordinatoren vil også ha ansvar for at du får individuell plan om du ynskjer det. Individuell plan er ei skjematisk oversikt over hjelpebehov og hjelpetiltak for kortsiktige og langsiktige mål for deg som tenestemottakar. Årdal kommune nyttar elektronisk individuell plan (SamPro).Skjema for å søkja Helse og omsorgstenester, elektronisk skjemaSøknadsskjema for koordinator/individuell plan, papirversjon til utskrift (PDF, 152 kB)Rett til koordinator og individuell plan er ein lovfesta rett.Du kan lese meir om dette på desse nettstadane:Forskrift om habilitering og rehabiliteringLov om pasient- og brukerrettigheterHelse- og omsorgstjenestelovenPsykisk helsevernloven Sist endra 06.01.2026 14:14