Syn og hørsel

Du som har nedsett syn eller hørsel kan du få råd og rettleiing i høve dette

Hørsel

Test av hørsel

Helsestasjonen kan ta hørselstest dersom du har behov for det

Ta direkte kontakt med helsestasjonen for avtale

  • Det kostar kr 120.- for hørselstest - kontant eller faktura (ikkje på frikort)

Behov for høyreapparat

Dersom du treng høyreapparat må du ta kontakt med din fastlege for å få henvisning til høyresentralen

Hørselshjelpemidler 

Du som har fått påvist nedsett hørsel og treng hjelpemidler i samband med det kan ta kontakt med ergoterapeut i kommunen

Det kan til dømes vere hjelpemidler hvis du har vanskar med å høyre lyden på tv, dørklokka eller vanskar med samtale

Service og kjøp av batteri

Patricia Seglem Lægreid er tilstades på eldresenteret på Årdalstangen

  • kvar mandag kl 10.30 - 11.30

Ho gjer enklare vedlikehald av høyreapparat, støyping av øyreproppar, kan gje råd og rettleiing og sel batteri via hørselslaget i Årdal. Ho har mobil 918 79 729 som kan nyttast ved behov.

 

Synsvanskar

Du som er svaksynt, synshemma eller har andre synsvanskar kan ta kontakt med ergoterapeut i høve synshjelpemidler.

Årsaka til nedsett syn må være diagnostisert av augelege.

Til toppen