Psykisk helseteneste for vaksne

Støttesamtalar, kognitiv terapi, gruppetilbod 

Kva tilbyr me?

Psykisk helseteneste for vaksne gir hjelp og støtte til personar som har psykiske vanskar. Tilbodet du får er individuelt tilpassa og avhengig av dine behov. Det kan vere:

  • støttesamtalar
  • kognitiv terapi
  • dagsenter med ulike aktivitetar og mogelegheit for å kjøpe seg lunsj 
  • tverrfagleg samarbeid med andre relevante tenester
  • hjelp til legemiddeladministrering
  • utdeling av LAR medisin
  • gruppetreningstilbod i Samarbeid med NAV

 

Du finn oss i Tangevegen 14, Årdalstangen. Me er her for vaksne over 18 år med behov for psykisk helseteneste.

Korleis få tilbodet?

Søk psykisk helseteneste her

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Du vert kontakta av sakshandsamar frå Tildelingskontoret som gjer ei kartlegging og vurdering av behov. 

Kva kostar det?

Psykisk helseteneste er gratis. 

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt førebels svar frå kommunen med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.