KorttidsplassLytt til tekstenStopp avspillingKva tilbyr me?Psykisk helseteneste har tilbod om korttidsopphald i Tangevegen 14. Dette er ein leiligheit som kan nyttast for kortare periodar. Korttidsplass er for deg som har behov for å vere tettare på personale for ein kortare periode. Det kan vere: etter institusjonsopphaldfor å få ei grundig kartlegging med tanke på vidare tenestebehov for å få tettare oppfølging for ein periode Korttidsplass kan ein få tildelt for inntil 3 mnd. Det vert gjort ei tverrfagleg vurdering av behov for tenesta.Korleis få tilbodet?Søk korttidsplassSøknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)Du vert kontakta av sakshandsamar frå tildelingskontoret som gjer ei kartlegging og vurdering av behov. Kva kostar det?Du betalar kr. 1250,- pr. veke for korttidsplass. Vidare betalar du eit beløp pr. mnd for felles lunsj og middag. Kva skjer vidare?Søknader vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt førebels svar frå kommunen med orientering om når du kan forvente endeleg svar. KlageKlagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.