Korttidsplass

Kva tilbyr me?

Psykisk helseteneste har tilbod om korttidsopphald i Tangevegen 14. Dette er ein leiligheit som kan nyttast for kortare periodar. 

Korttidsplass er for deg som har behov for å vere tettare på personale for ein kortare periode. Det kan vere: 

  • etter institusjonsopphald
  • for å få ei grundig kartlegging med tanke på vidare tenestebehov 
  • for å få tettare oppfølging for ein periode

 

Korttidsplass kan ein få tildelt for inntil 3 mnd. Det vert gjort ei tverrfagleg vurdering av behov for tenesta.

Korleis få tilbodet?

Søk korttidsplass

Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)

Du vert kontakta av sakshandsamar frå tildelingskontoret som gjer ei kartlegging og vurdering av behov. 

Kva kostar det?

Du betalar kr. 1250,- pr. veke for korttidsplass. Vidare betalar du eit beløp pr. mnd for felles lunsj og middag. 

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt førebels svar frå kommunen med orientering om når du kan forvente endeleg svar. 

Klage

Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket. 

Har du spørsmål?

Kristiane Laberg Seim
Avdelingsleiar psykisk helse
E-post
Mobil 90 69 97 52