Kva tilbyr me?
I Tangevegen 14 tilbyr vi bustader med tilknytt døgnbemanning.
Tilbodet er for deg som pga psykiske lidelse og/eller rusproblematikk har omfattande bistandsbehov gjennom døgnet.
Det er eigne tildelingskriterier for tenesta.
Det er eigen husleigeavtale for bustadane.
Du vil få vedtak om tildeling av bustad. Oppfølginga og bistanden du skal ha i bustaden din vert vurdert og tildelt i eige vedtak.
Korleis få tilbodet?
Søk bustad med heildøgnstenester
Søknadsskjema i utskriftsformat (PDF, 152 kB)
Du vert kontakta av sakshandsamar frå tildelingskontoret som gjer ei kartlegging og vurdering av behov.
Kva kostar det?
Du betaler husleige for bustaden din, samt andre kostnader som høyrer til din bustad som t.d straum, og internet. Du betaler eit beløp pr. månad for felles måltid (lunsj og middag).
Kva skjer vidare?
Søknader vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottatt førebels svar frå kommunen med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Klage
Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.