Om du er gravid kontaktar du fastlegen din fyrst.
Jordmor gir deg oppfølging i svangerskapet ut frå den enkelte gravide sitt behov. Me ynskjer å møte deg så tidleg som mogleg i svangerskapet, og vil bidra til at du får ei trygg og god oppleving av å vere gravid.
Me undersøker deg og barnet ditt si helse. Jordmor tilbyr samtalar om fødsel, amming og spedbarnstid. Begge foreldre kan komma med tankar og eventuelle bekymringar, og begge foreldre er velkomne til å vera med på konsultasjonane.
Du kan når som helst ta direkte kontakt med jordmor på helsestasjonen. Jordmor samarbeider tverrfagleg, mellom anna med helsesjukepleiarane, fysioterapeutane, fastlegane og fødeavdelingane på sjukehusa. Jordmor formidlar kontakt med psykisk helseteneste for gravide og barselkvinner som kjenner behov for samtalar. Jordmor tilviser deg vidare ved behov.
Får du ikkje tak i jordmor kan dei tilsette på helsestasjonen hjelpa deg med å formidla kontakt.
Tilbodet er for:
Alle gravide får tilbod om å bli fulgt opp i svangerskapet av jordmor.
Er du i tvil?
Jordmor kan gi deg råd og rettleiing.
Nyttige lenker:
Er du gravid? Ventar du barn? - Helsedirektoratet
Gode levevanar før og i svangerskap - Helsedirektoratet
Hvordan du ammer ditt barn - Helsedirektoratet
Opningstider