Fysioterapi til barn og unge
Viss du grunna sjukdom, skade eller av andre årsaker har ein nedsett funksjon kan du få vurdering av fysioterapeut.
Me tilbyr
- Undersøking, trening og behandling individuelt og i grupper
- Råd, rettleiing og undervisning for brukarar, pårørande og andre
- Helsefremmande og førebyggande tenester
Barn og unge
- Barn som treng vurdering og/eller behandling etter til dømes brot, skader, smerteproblematikk og anna
- Barn som treng undersøking og oppfølging av motorisk utvikling, ofte i samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta
- Kontroll av barn ved 4 mnd alder
- Kartlegging av motorikk hjå elevar i 1 klasse
- Behandling kan gis på helsestasjon, i heim, barnehage og skule
Korleis få tilbodet?
Ta direkte kontakt med fysioterapeut på telefon eller e-post
Barnefysioterapeut held til i Helsehuset 2.etg saman med Helsestasjonen
- Du treng ikkje henvisning frå lege.
- Andre som til dømes foreldre, helsesjukepleiar, pårørande, fastlegar, sjukehus kan også ta kontakt på dine vegne.
Kva kostar det?
Du må betale eigenandel for behandling hjå fysioterapeut, men barn under 16 år er unntatt frå dette
Du får frikort for helsetenester når du har betalt kr 2460.- i eigenandel – pris for 2021.
- Når du oppnår frikort for helsetenester får du brev frå HELFO.
- Hugs å informer din fysioterapeut når du har fått frikort
Kva skjer vidare?
Når ditt behov er registrert, vil fysioterapeut ta kontakt og gjere ein nærare avtale med deg.
Kan du klage på tilbodet?
Skriftleg klage kan sendes til avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta
Meir informasjon
Helse- og omsorgstenesteloven kapittel 3
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi