Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er ulike teknologiske hjelpemidler og assistanse som kan betre den enkelte sin moglegheit til å klare seg i kvardagen og bidra til auka tryggleik, sosial deltaking, auka mobilitet og verdigheit

Velferdsteknologi kan også fungerer som teknologisk støtte til pårørande og bidra til betre tilgjengelighet, betre ressursutnytting og kvalitet på tenestetilbodet.

Teknologi er etterkvart blitt ein naturleg del av folk sin kvardag. Me har mobiltelefonar med mange funksjonar, smart tv, nettbrett, klokker for å måle puls og søvn, robotstøvsugarar og anna teknologi i huset som kan styre lys, varme og mykje meir.

Velferdsteknologi er ein viktig del av digitaliseringa av helse- og omsorgstenestene. Innføringa av teknologi vil medføre endringar i tenestene til brukarane. Dette arbeidet må skje på ein trygg og god måte der ein tar omsyn til sikkerheit, personvern og brukarane sine ønsker og behov.

Ulike typar teknologi:

Tryggleik og meistring

teknologi som gjer at ein føler seg trygg og kan bu heime lenger. 

  • til dømes tryggleiksalarm, døralarm, sengesensor, fallalarm, lokalisering (GPS), komfyrvakt, elektronisk medisindosett

Velvære

teknologi som kan nyttast når hukommelsen blir dårleg eller ved fysisk funksjonssvikt. Gjeld også teknologi som kan bistå med praktiske gjeremål og få kvardagslivet meir komfortabelt

  • til dømes robotstøvsugar, robotklippar, treningsprogram, tv spel, styring av lys og varme 

Sosial kontakt

teknologi som kan motverke einsemd og gje høve til sosial deltaking

  • til dømes videokommunikasjon, nettbrett 

Behandling og pleie

teknologi som gjer at ein kan følge opp eiga helse ved  kroniske sjukdomar. 

  • til dømes medisinsk utgreiing og behandling i heimen, avstandsoppfølging, videomøter med sjukehus og  app`er på telefon til sjølrapportering

Korleis skaffe det ?

  • Noko er utstyr ein kan søke på som eit hjelpemiddel via NAV hjelpemiddelsentral,
  • Noko er utstyr ein kan få via kommunen 
  • Noko er utstyr ein må kjøpe sjøl som finnes i vanleg handel. 

Anna informasjon

Årdal er med i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet saman med andre kommunar i Vestland fylke. Dette for å styrke kompetanse og innarbeide gode rutiner kring dette arbeidet. Målet er at velferdsteknologi skal vere ein naturleg og integrert del av helse- og omsorgstenestene. Kommunane som er med i programmet er sikra tilgang til erfaringar frå andre kommunar, rettleiing frå myndigheitene og kompetanse frå innleigde konsulentselskap.

I Årdal har me tatt i bruk ein del velferdsteknologi og har eit godt samarbeid med Alarmsentralen i Sogn og Fjordane som er vårt responssenter. Ein del av den teknologien me har tatt i bruk så langt er knytta opp mot varsling via tryggleiksalarm.  Me har fokus på dette og vil gradvis ta i bruk meir velferdsteknologi

Lenker

Anbefalingar frå helsedirektoratet

Kontaktinformasjon 

Kontakt tildelingskontoret eller ergoterapeut i kommunen om du ynskjer meir informasjon

Har du spørsmål?

Tildelingskontoret
Telefon 57 66 50 50
Til toppen