Hjelpemidler

Kva tilbyr me?

Varig behov

Du som har ein varig nedsatt funksjon grunna sjukdom eller skade som medfører behov for hjelpemidler, kan søke Nav Hjelpemiddelsentral om utlån av ulike hjelpemiddel. 

Det gjeld til dømes vanskar i høve rørsle, syn, hørsel, kommunikasjon og kognisjon 

  • Du kan få råd og hjelp frå ergoterapeut i  kommunen

Midlertidig behov

Du som har behov for enkle hjelpemiddel til dømes etter ein operasjon eller eit brot, kan låne hjelpemiddel frå kommunalt korttidslager på Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO) i Øvre Årdal.

  • Midlertidig behov er tidsavgrensa til 3-6 månader
  • Du kan blant anna låne: Krykker, rullator, toalettforhøgar, rullestol med meir

Kven kan få tilbodet?

Du må vere må vere busett i Årdal for å låne hjelpemiddel frå korttidslageret.

  • Hjelpemidler skal som hovudregel hentast av bruker eller pårørande
  • Hjelpemidler som ikkje lenger er i bruk skal leverast tilbake i reingjort tilstand.

Korleis få tilbodet?

Du kan ta direkte kontakt med ergoterapeut på telefon eller e-post både i høve midlertidig og varig behov for hjelpemidler. 

Kva kostar det?

Utlån frå kommunalt korttidslageret er gratis. 

Kva skjer vidare?

  • Du kan etter avtale hente enkle hjelpemidler på det kommunale hjelpemiddellageret. 
  • Om du ikkje kan hente det sjøl, kan vi etter avtale levere det ut til deg. 

Lover og anna informasjon 

Lov om Folketrygd 

Hjelpemiddeldatabasen

NAV hjelpemiddelsentral

Har du spørsmål?

Natalie Araneda
Ergoterapeut med ansvar for kvardagsrehablitering
E-post
Telefon 48 07 27 21
Heidi Skeie
Leiar fysio/ergoterapi
E-post
Telefon 99 36 68 81