Fysioterapi

Om du grunna sjukdom, skade eller av andre årsaker har ein nedsett funksjon kan du få vurdering av fysioterapeut.

Me har både kommunale og private fysioterapeutar i Årdal.

Private fysioterapeuter har hovedansvar for tilbod til heimebuande.

Kommunale fysioterapeuter har hovedansvar for tilbod til dei med meir samansette behov i alle aldersgrupper, dei på korttidsavdeling og på sjukeheimane

Kva tilbyr me?

  • Undersøking, trening og behandling individuelt og i grupper
  • Råd, rettleiing og undervisning for brukarar, pårørande og andre
  • Helsefremmande og førebyggande tenester

Private fysioterapeuter med kommunal avtale

  • Det er 4 private fysioterapeuter som held til i Storevegen 44 i Øvre Årdal.
Kontaktopplysningar til private fysioterapeutar
Namn Telefon E-post arbeidsområde
Lars Kristian Fauske 48330255 lkfauske@hotmail.com almenn fysioterapi
Øyvind Steinsland 90859866 steinsfysio@gmail.com almenn fysioterapi
Kristine Lekang Moen 94838986 ovstetunfysio@gmail.com almenn fysioterapi
Torunn Gjerstad 48106450 post@godikroppen.no psykomotorisk fysioterapeut

Kommunal fysioterapi har hovedansvar for:

Fysioterapi til vaksne og eldre

  • Personar med samansette behov
  • Pasientar på korttidsavdelinga
  • Bebuarar på sjukeheim etter behov
  • Treningsgrupper for eldre
  • Oppfølging av gravide og barselkvinner
  • Kvardagsrehabilitering

Fysioterapi til barn og unge

  • Barn som treng vurdering og/eller behandling etter til dømes brot, skader, smerteproblematikk og anna
  • Barn som treng undersøking og oppfølging av motorisk utvikling, ofte i samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Kontroll av barn ved 4 mnd alder
  • Kartlegging av motorikk hjå elevar i 1 klasse
  • Behandling kan gis på helsestasjon, i heim, barnehage og skule

Lymfødembehandling

  • Kommunal fysioterapeut har kompetanse på lymfødembehandling 

Kven kan få tilbodet?

Personer i alle aldersgrupper som har behov for vurdering, rettleiing, behandling og trening

Korleis få tilbodet?

Ta direkte kontakt med fysioterapeut på telefon eller e-post

Fysioterapeut for vaksne held til på ÅBO (Årdal Bu - og omsorgssenter) - Flotavegen 2 - Øvre Årdal 

Barnefysioterapeut held til på Helsehuset - Jotunvegen 4 - Øvre Årdal

  • Du treng ikkje henvisning frå lege.
  • Andre som til dømes foreldre, pårørande, fastlege, sjukehus kan også ta kontakt på dine vegne.

Kva kostar det?

Du må betale eigenandel for behandling hjå fysioterapeut.  

Du får frikort for helsetenester når du har oppnådd beløpet for eigenandel som blir fastsett i statsbudsjettet kvar år.

Eigenandel er den same om du er hjå kommunal eller privat fysioteraput

  • Unntatt for eigenandel er barn under 16 år, dei med ein godkjent yrkesskade og dei som er på institusjon.
  • Når du oppnår frikort for helsetenester får du brev frå HELFO.
  • Hugs å informer din fysioterapeut når du har fått frikort

Transport

Om du ikkje kan nytte eigen bil eller offentleg transport til og frå behandling, kan fysioterapeut bestille transport for deg. Du må da betale ein eigenandel for reisa, som inngår i opptening av frikort

Kva skjer vidare?

Når ditt behov er registrert, vil fysioterapeut ta kontakt og gjere ein nærare avtale med deg.

Kan du klage på tilbodet?

Skriftleg klage kan sendes til avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta.

Lover og reglar

Helse- og omsorgstenesteloven kapittel 3
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til  fysioterapi

Har du spørsmål?

Heidi Skeie
Leiar fysio/ergoterapi
E-post
Telefon 99 36 68 81
Grytsje Kooistra
Fysioterapeut - ansvar for vaksne, eldre og lymfødem behandlling
E-post
Telefon 95 90 30 34
Fysioterapi turnus
Fysioterapi turnus
E-post
Telefon 97 68 96 03
Karianne Gudvangen
Fysioterapeut - ansvar for barn, unge og gravide
E-post
Telefon 99 22 48 39