Frisklivssentralen

Årdal Frisklivssentral kan hjelpe og støtte deg som ynskjer å endra levevanar og førebygga sjukdom og skade.

Kva tilbyr me?

  • Individuell rettleiing, samtale og gruppetilbod innan fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt.
  • Ein frisklivsresept som varar i 6 månadar. Da kan du delta på aktivitetstilbod i regi av frisklivssentralen.
  • Oppstart med samtale og hjelp til å setta konkrete mål, finna fram til aktivitetar og tilbod som passar for deg, og gje deg støtte til å gjennomføra det du har planlagt.
  • Aktivitetstilbod som styrketrening, bassengtrening og spinning.
  • BraMat-kurs, røykjesluttkurs og andre aktuelle kurs blir planlagt og gjennomført etter behov. 

Kven kan få tilbodet?

  • Du som er i yrkesaktiv alder som har auka risiko for sjukdom og som treng støtte til å endra levevanar og meistra helseutfordringar.
  • Du som kan ha helsemessig nytte av auka fysisk aktivitet, endra kosthald og eller røykeslutt.

Me vil motivera og hjelpa deg på vegen mot betre fysisk form, auka sjølvopplevd helse og betre livskvalitet. 

Korleis få tilbodet?

Du kan sjølv ta kontakt på telefon eller e-post.
Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvisa deltakarar.

Kva kostar det?

  • Det er ingen eigenandel ved deltaking hjå Frisklivssentralen i reseptperioden.
  • Det kan bli eigenandel når du deltek på aktivitetstilbod lenger enn reseptperioden.

Kva skjer vidare?

Når ditt behov er registrert, vil Frisklivssentralen ta kontakt og gjera ein nærare avtale med deg.

Lenker til meir informasjon

Informasjon om Frisklivsentral frå Helsenorge

Hjelp til snus -og røykeslutt

Årdal Frisklivssentral facebooksida

Timeplan for trening (PDF, 151 kB)